Lyrikkforlaget
Linn Therese Solheim
Sterke, djupt personlege og brutalt ærlege dikt.
I denne diktsamlinga syner Linn Therese Solheim korleis ein kan gå frå å vere ein hjelpar, til å sjølv føle seg hjelpeslaus. Og den får fram viktigheita av å hjelpe seg sjølv!
Dikta er forma av Solheim sin tidlegare jobb i barnevernet, noko som gir eit unikt innblikk i ein mykje debattert instans.
Dei sterke dikta er djupt personlege, og mange av dei er brutalt ærlege. Solheim vel å vere psykt ærleg, for å setje fokus på utbrentheit. Ho ynskjer at fleire skal bli bevisste på kva det å vere stressa og utslitt over tid kan føre til, og håpar at både arbeidsplassar og kvar einskild gjer grep for å førebyggje. Boka gir også håp om at det etter mørkret kan bli lyst att! Kanskje til og med endå lysare enn nokon gong før …
Linn Therese Solheim (f. 1991) vart utbrent då ho jobba i barnevernet. Ho kom seg styrka ut av utbrentheita og hjelper no andre med å gjere det same. Med diktsamlinga Utbrent debuterer ho som forfattar. I tillegg er ho coach, foredragshaldar
BOKFAKTA:
Tittel: Utbrent
Forfatter: Linn Therese Solheim
ISBN: 9788283983005
Format: 13 x 20
Antall sider: 128
Innbinding: innbundet
Utsalgspris kr 329.00
Mai Britt Hareide