Lyrikkforlaget
Magnor Midtun
Ein piff på kvardagslivet ...
Livet kan vel til tider synest både tungt og trasig, men det er også mykje å gleda seg over, framgang og vokster i lokalsamfunn, samferdsel, arbeidsplassar, alt det vakre som skjer i naturen, ein strålande soloppgang, ei blømande bygd, vakker fuglesang, glitrande diamantar på snø, buktande månestriper på sjø. Å ta soga med i planlegging av framtida kan visa seg nyttig.
Magnor Midtun (f.1932) har arbeidd i lensmannsetaten og i bank, 15 år som banksjef. Han har og vore lokalpolitikar og skribent, det meste av vaksenlivet i Gulen (Ytre Sogn). Med stor interesse for lokalhistorie har han samla og skrive både lokalhistoriske artiklar og hefte, og segner frå vikingtid og mellomalder. Han har i ei rekkje år vore med som lagmann i Håkonarspelet. Midtun vart tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv i 2002.
BOKFAKTA:
Tittel: Mannen på stien
Forfatter: Magnor Midtun
ISBN: 9788283980745
Format: 13 x 20
Antall sider: 105
Innbinding: innbundet
Utsalgspris kr 249.00
Mai Britt Hareide