Eitt om dagen, med litt av kvart
Markus Denne diktsamlinga inneheld litt av kvart, som tittelen antydar - djupe, nære, småfrekke, satiriske og kjærleiksfulle betraktningar om menneska sine liv og livsførsel, levert i ei ærleg og direkte form.
Små ord og setningar, sagt i ein eller annan samanheng, kan bite seg fast i oss, og vi som tilskodarar eller tilhøyrarar kan gjere orda til små historier og fortelje dei vidare, gjere orda og setningane levande for andre igjen, slik forfattaren her har prøvd. Les gjerne "eitt om dagen", for deg sjølv og for andre, og kan hende får dikta og historiene sitt eige liv som vi alle er med på å skape.
Mons Kristian Ravnanger er født på Askøy i 1959, men har budd heile sitt vaksne liv i Oslo, og har jobba mesteparten av sitt yrkesaktive liv innan det byomfattande barnevernet der. Han er utdanna barnevernpedagog og familieterapeut, og muskelterapeut / klassisk massør. Mons Kristian Ravnanger er ugift og bur i dag på Hovin i Oslo saman med hunden sin, Zico. Eitt om dagen, med litt av kvart er hans første bokutgjeving.
Tittel: Eitt om dagen, med litt av kvart
Forfatter: Mons Kristian Ravnanger
ISBN: 9788282515313
Format: 13x20
Innbundet
Pris: 198
Anna Hovhannisyan