Denne diktsamlingi er skriven på ein eldre nynorsk og er ei hylling av venleiken i den eldre nynorsken.
Tematisk krinsar ho millom anna rundt sentrallyriske emne knytte til kjærleik og død med ein dyster undertone. Boki inneheld òg tekstar som utforskar sjangergrensone millom prosa og lyrikk og tekstar som syner at konservativ nynorsk kan nyttast ved eksperimentelle tekstar, som til dømes tekstar skrivne i medvitsstraum.
Tore Vaag (f. 1975) er frå Aure på Nordmøre og arbeider som norsklærar. Dette er den tridjediktsamlingi han hev gjeve ut på Commentum forlag.
Tittel: Sylvskipi
Forfatter: Tore Vaag
ISBN: 9788282334129
Format: 13x20
Innbundet
Anna Hovhannisyan