Offer

15.08.2014
Offer
Offer

Fatima, ei 18 år gammal norsk-somalisk kvinne, vert borte frå Stord vidaregåande skule, der ho er elev. Mykje tyder på at det er familien hennar som står bak forsvinninga, og at ho skal sendast til Holland for å giftast bort til ein eldre somalisk mann.

Fatima si besteveninne, Silje, startar opp med sin eigen leiteaksjon, assistert av den eldre, litt lurvete dagdrivaren, Salomon Sander. Dei to veit knapt nok kva for fare dei utset seg for når dei gir seg i kast med ein motstandar som byggjer livsoppfatninga si på ei blanding av gamle landsbyskikkar og strenge religiøse dogme.

Saka tek ei ny retning når fleire avisredaksjonar mottek ein mail, skriven av ein som kallar seg Alfred von Tirpitz, og som påstår at det er han som har bortført Fatima. I detalj skildrar han ein bestialsk plan. Ein spaningsroman som tek opp i seg eit dagsaktuelt tema, me ikkje lenger kan skyva under teppet.

Per Jan Ingebrigtsen har gjeve ut både diktsamlingar, skodespel, høyrespel og barnebøker. I alt åtte eigne skjønnlitterære bøker, pluss reine sceniske verk. Han har vore representert med dikt, songar, noveller og eventyr i fjorten antologiar på ulike forlag, samt med dikt, eventyr og scenar frå skodespel, i fleire læreverk innan norsk- og dramafaget. Han har medverka med songtekstar på til saman tolv CD-\LP-plater, bl.a. på utgjevingar med Kenneth Sivertsen, Ivar Medaas og Helge Jordal. Han har fått skodespel framført på fleire profesjonelle scenar i inn- og utland.

Tittel: Offer
Forfattar: Per Jan Ingebrigtsen
ISBN: 9788282513661
Format: 13x20
Innbunde

Anna Hovhannisyan

Stikkord i denne artikkelen
Offer, Per Jan Ingebrigtsen,

Nyheter

Anne Fossen debuterer med mørke og tankevekkende dikt

Anne Fossen debuterer med mørke og tankevekkende ...

Anne Fossen, en 52 år gammel musiker, ...

Å finne sin egen stemme gjennom dikt

Å finne sin egen stemme gjennom dikt

Elise Fotland er en søkende, sensitiv ...

Sterke dikt og unik formidling på flere scener

Sterke dikt og unik formidling på flere ...

Hjørdis Kristin Longva har nylig stått ...

- En stor seier for meg

- En stor seier for meg

Lørdag 2. november var det lansering ...

Litterær uenighet skaper spenning på bokmessen i Frankfurt

Litterær uenighet skaper spenning på bokmessen ...

Den internasjonale bokmessen i Frankfurt ...

Anmeldelser

Rapport fra 10 år av pater Kjell. A. Pollestads spennende liv i og utenfor Den katolske kirke.

Rapport fra 10 år av pater Kjell. A. Pollestads ...

Jeg har aldri hatt den utsøkte glede ...

Ole Paus forteller om sitt liv

Ole Paus forteller om sitt liv

Forsiktig og ydmykt bør leseren begynne ...

Narsissistens hemmelighet

Narsissistens hemmelighet

Det kan hende at boken «Den Fabelaktige Narsissisten» ...

Inn i konteksten med  Gunnar Sønsteby

Inn i konteksten med Gunnar Sønsteby

Det var med ungdommelig spenning og sann ...

1936 – et merkeår i norsk historie og i verdenshistorien

1936 – et merkeår i norsk historie og i ...

1936 var året da «alt» skjedde. Det ...