Gammal veg opp fra Øykhagen til området bak gravlunden. Vegen har gått fram til Hommersand-garden. Er dette restar etter den gamle bygdevegen? Vegar som ikkje er i bruk, blir etter kvart bare ein sti. Her er stien lett å sjå! Når kom det kjøreveg i bygda? Det er ikkje lett å svara på det spørsmålet!
Det står i boka «Træk av Hetlands historie 1814-1914» at det tidleg på 1800-talet har vore ein bygdeveg som «blev nedlagt 1855». Med andre ord: Kommunen skulle ikkje ha ansvar for vegen lenger. Dermed var alle vegar i bygda private vegar.
I dag er oppfatninga at det er stat, fylke og kommune som har ansvar for vegar til felles bruk. I 1868 er det søknad fra Riska om at «Hommersandveien» må bli bygdeveg (kommunalt ansvar). Dersom «Opsiderne ... selv overtager Udgifterne ved Veiens Oparbeidelse og Vedligeholdelse ...», så er svaret ja, og dei «fritages fra det tidligere erlagte Bidrag til Herredets Veikasse». Først etter 20 år var omtalte veg sett i stand ved pliktarbeid av bøndene. Lenge var svar på søknad til kommunen om veg slik: «Vilde man ha vei, saa fik de bygge og bekoste som brug haver for een saadan vei». (Fra protokoll 1849)
Tittel: Langs veiene i Riska
Forfatter: Brit Sissel Todnem (red.)
ISBN: 9788282332767
Format: 15x19 cm
Innbundet
Anna Hovhannisyan