Samlaget
Styret i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget har tilsett Martin Årseth som ny redaktør i Syn og Segn.
Styret i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget har tilsett Martin Årseth som ny redaktør i Syn og Segn. Årseth er journalist i Klassekampen og startar i Syn og Segn 1. oktober. Han har tidlegare jobba i avisene Norhordland, Bergensavisen og Vest-Telemark Blad.
-Vi er veldig godt nøgde med at Martin skal ta over Syn og Segn. Det var ei særs god søkarliste, men Martin peika seg ut, seier styreleiar John-Ragnar Aarset. Han vil samstundes takke noverande redaktør, Astrid Sverresdotter Dybvik, for den formidable jobben ho har gjort for Syn og Segn i snart fire år.
Årseth gler seg til å ta fatt på jobben;
– Eg håper å gje nye stemmer ei plattform ut i offentlegheita. Vi treng kloke folk for å ta dei gode debattane, og Syn og Segn er ein god stad for det. Tidsskrifta balanserer dei lange og dei aktuelle tankane og eg ser fram til å halde fram det viktige arbeidet Syn og segn har gjort.
Litteraturselskapet Det Norske Samlaget er eit medlemslag med 1200 medlemmer. Styret i medlemslaget tilset redaktøren i Syn og Segn, men tidsskriftet er elles eit frittståande kulturtidsskrift og arbeider etter reglane for god presseskikk i Ver Varsam-plakaten.
Trond Nilsen