Born i førskulealder er ivrige etter å lære seg bokstavane. Forfattar og illustratør Mona Fossdal har laga ei bok som gjer det ekstra morosamt og spennande å lære sin ABC.
Boka «Bokstavene fra A til Å» er ei ABC-bok, mynta først og fremst på førskuleborn – eller born på småskuletrinnet, som skal lære seg bokstavane.
-Boka består av figurar og motiv – laga av berre bokstavar, og dei fleste av motiva skal vere lett å kjenne igjen, også for dei aller minste. Eg håper likevel at boka kan vere interessant, og appellere også til foreldre og besteforeldre, seier Mona Fossdal.
Idérik køyretur
Mona Fossdal fortel at ideen til denne boka eigentleg kom ganske brått, medan ho sat i bilen og køyrde av alle ting.
-Det er mogleg at det er utdanninga mi som grafisk designar som gjer at eg synes at typografi er så spennande, men eg hadde lenge hatt ein idé i bakhovudet om at eg ville lage eit visuelt arbeid – berre ved hjelp av skrift – og ikkje bilete. På denne bilturen kom ideen til å lage ei ABC-bok, og eg sat difor heile turen og klekka ut diverse idear til motiv til skriftbileta, seier Fossdal.
Ho har brukt dataprogrammet Adobe Illustrator til å lage skriftbileta, eller Calligramma som dei også vert kalla.
-Her har eg teke ein og ein bokstav, justert storleik og skrifttype, rotert og sett saman med andre versjonar av den same bokstaven. Det ferdige designet har eg laga i programmet Adobe Indesign, fortel ho.
-Eg har fått gode tilbakemeldingar på boka både frå heilt små born, og frå litt større born. Eg har også fått hyggelege tilbakemeldingar ifrå vaksne, som liker det visuelle uttrykket i boka, legg ho til.
Skriv gjerne meir
Mona Fossdal er 42 år, og kjem opphavleg i frå Vaksdal i Hordaland. I 1995 flytta ho til Sogn og Fjordane og byrja å undervise ved Mo og Jølster vidaregåande skule, etter å ha avslutta utdanninga med Bachelor og Hovudfag i grafisk design og illustrasjon ved Kunsthøgskulen i Bergen.
-Av anna utdanning, så har eg tatt Pedagogikk/lærarutdanning ved Høgskulen i Sogndal, og studert Kunsthistorie/arkitekturhistorie – og Medianett/Nettpublisering ved Universitetet i Bergen. Eg har også studert IKT i Formgjevingsfag ved Høgskulen i Sør Trøndelag, Webdesign ved Høgskulen i Bergen, og har teke eit IKT-studium ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, ramsar ho opp.
Ved Mo og Jølster vidaregåande skule underviser ho blant anna i mediefag, design og kunstfag ved linjene Medium og kommunikasjon, og ved Studiespesialiserande med Formgjevingsfag.
-Utdanninga mi som grafisk designar og illustratør nyttar eg eigentleg heile tida når eg underviser i desse faga, men det er likevel svært spennande å arbeide med heilt eigne prosjekt også. Av tidlegare bokprosjekt, så har eg på 90-talet illustrert boka «Jovisst har dyrene sjel II» av Margit Sandemo, og eg gav også ut barneboka «Gekkoen Arne og den prikkete paraplyen» våren 2012 – der eg stod for både tekst, illustrasjonar og grafisk design, seier Mona Fossdal.
-Kjem det fleire bøker frå Mona Fossdal?
-Det skal ein ikkje sjå bort ifrå. Eg er allereie godt i gong med idear til eit nytt bokprosjekt, så kanskje det vert ei ny bok om ikkje så altfor lenge.
Redaktør -