- Alt heng saman

11.02.2022
- Alt heng saman
Lyrikkforlaget
Hans Günther Bonenberger

Hans Günther Bonenberger har ei historie ulik den andre nordmenn har. Som Berlinerbarn kom han til Noreg på 50-talet. No debuterer han med diktsamlinga Lealaus grind.

– Eg vart fødd 29. januar 1950, i det no nedlagde landet DDR, i delstaten Brandenburg. Byen heiter Neuruppin, eller Fontanestadt som den også vert kalla, etter den kjende forfattaren Theodor Fontane. Den ligg ved vakre Ruppinersee, om lag ei times togreise nordvest for Berlin. Då eg var fem år, flykta mi mor saman med søster mi og meg til Berlin, grunna overvaking og trugsmål i heimlandet, fortel Bonenberger.

Sju år gammal vart han send til Noreg som eit av dei mange Berlinerbarna, ei reise han gjerne kallar «feiteferie for barn». Av forskjellige årsaker forsvann returbiletten til Berlin, før ferien var omme. Det vart heller til ein adopsjon i Noreg, og såleis vart han rotfesta her til lands.

– Mitt biologiske opphav, såg eg aldri sidan, fortel han lakonisk.

 

Interessa for å skriftleggjera, har alltid vore der. Kanskje er den no komen ut av dvalen sin for godt. 

– Å skriva om spørsmål som vedgår oss menneske, kan ein ikkje verta ferdig med å sei noko om, og kjeldene å ausa av trur eg er botnalause. At det no er diktformene som opptek meg, er for min del ikkje noko eg planla ein gong før i tida. Eg kan heller sei at det starta med at eg skreiv nokre morosame sangtekstar, og så har det utvikla seg i fleire retningar, men det har ikkje berre vore enkelt å bryna pennen mot det ein kan støyta på i livet. Noko har berre kome rekande, nesten ferdigsnikra, medan andre ting har vore nokså umogeleg å hanskast med, men likefullt treng å seiast noko om. Det gjeld om å få eit dikt til å flyga, sjølv om det står på eigne bein, framanda eller kjende landskap, begge kan vera vakre å skoda, frå eit utvida perspektiv, seier diktaren.

 

Det er heldigvis ikkje berre skriving det handlar om i Bonenberger sitt liv.

– Andre interesser enn skriving kan og koma godt med, men for min del har det til tider vorte i det meste laget. Allerie som barn, tok idretten meg, men det gjekk over. Seinare har det vore  hagearbeid, planteverda kan vera spennande, og likeeins frå barndomen av har sang og musikk hatt mykje å sei for meg, sjølv om det til tider har gått i rykk og napp, altså; eg heng sånn passeleg på kroken, smiler Berlinerbarnet.

Som person reknar han seg for å vera søkjande og observerande, der han fer fram i denne verda. Er han på reis, er ikkje alltid målet det viktigaste, men  sjølve reisa og kva som skjer undervegs, og når han er komen til målet, vil han gjerne vidare, altså vera på tur.

– Det at alt heng saman, har eg vorte meir medviten på etter kvart som åra går, med det tenkjer eg det er viktig kvar me menneske kjem ifrå, kvar me er og kvar me skal. Me vil  vel alle inn i eit eller anna samkvem med andre menneske, kjenna på det å høyra til noko, å vera noko i eit større bilete.

 

Inspirasjonen til boka Lealaus grind, kom etter at Bonenberger sende nokre dikt og sangtekstar til Lyrikkforlaget.

– Etter å ha lese gjennom dei, vart eg oppmoda til å senda ei viss mengd dikt til dei.  Sidan eg har mange uferdige og ferdige dikt i skuffer og skap, måtte eg velja ut nokre av dei eg syntest passa best på trykk, og samstundes ville eg dei skulle vera varierte, men likevel hengja saman. Då vart det dei som no er komne på trykk i denne boka. Sjølve ideen til boktittelen Lealaus grind, kom heilt på tampen av språkvaskinga. Etter tilbakemeldingar og noko etterarbeid i mitt eige hovud, skjøna eg at det nemnde diktet er eit av knutepunkta i boka, og grinda i tregjerdet talar sitt tydelege språk, fortel forfattaren.

Boka handlar om små og store spørsmål i både liv og død. Eit par av dikta og sangtekstane er godt ispedde med dialekt. Boka startar med personlege vedgåingar, om at alt heng saman og det å opna opp for omgivnadene, gjennom å utrykkja noko om eigne erfaringar i livet, stikka hovudet ut av skapet og pusta litt. Det er lange dikt og det er korte dikt i boka, om både dyr, menneske og natur i samspel og åleine. Her er dikt til å verta rørt av, her er dikt å irritera seg over og her er dikt som treffer der dei skal. Med andre ord kan denne boka lesast av dei meir røynde lesarane og dei som kanskje ikkje les så ofte.

 

Som så ofte når noko  vert skrive, byggjer teksten på eigne røynsler, som eit utgangspunkt, på summen av det ein har levd hittil.

– Kor mykje som er fiksjon og kor mykje som er verkeleg av det skrivne i denne boka, er det vel nesten ikkje mogeleg å plassera i ein bås, men det lengste diktet, Biletbokas by, er vel ikkje langt frå verkelegheita. Diktet som heiter Dikta, er ei blanding av fiksjon og verkelegheit, der første delen er nær ei gjengjeving av eit brev og andre delen er diktardraumar som på eit vis vert infridde, men heldigvis ikkje ferdigelta. Diktet om kornet er så kort som det kan vera, men ein fantasien i sving, kan det like gjerne få lengda til ei lang forteljing. Lealaus grind, meinar eg er eit godt tilbakeblikk frå omgivnadene der eg vaks opp, sier Bonenberger.

– Eg meinar boka skil seg noko frå andre bøker, ved at den ikkje først og fremst formidlar  skrivetrendar, om den kortreiste her og notenkinga og dyrk deg sjølv til du gror fast i deg sjølv, for å nemna eit par døme. Eg meinar heller at alt er i rørsle og alt heng saman på eit eller anna vis, og kvifor skal så mykje trykkjast inn i båsar, når verda er så stor? Fleire av dikta har utvikla seg over tid når det gjeld innhald, medan forma dei er støypte i, har vorte til litt etter kvart som innhaldet har endra seg i det einskilde diktet. Nokre av dei har eg kjensla av, kom rekande på ei fjøl. Eit av dei lange dikta, Biletbokas by, går inn i ein historie på ein direkte måte, historien på plass, og versa er skrivne innanfor eit mønster. Boka gir og signal om verdiar menneske treng, og verdiar ein ikkje bøhøver i heile teke.

 

Blir det fleire bøker frå Bonenbergers hand? Svaret er ja!

–Dersom det går som eg tenkjer, har eg i første omgang ynskje om å skriva to bøker til som kan sjåast i samanheng med den først

Mai Britt Hareide

Nyheter

Anne Fossen debuterer med mørke og tankevekkende dikt

Anne Fossen debuterer med mørke og tankevekkende ...

Anne Fossen, en 52 år gammel musiker, ...

Å finne sin egen stemme gjennom dikt

Å finne sin egen stemme gjennom dikt

Elise Fotland er en søkende, sensitiv ...

Sterke dikt og unik formidling på flere scener

Sterke dikt og unik formidling på flere ...

Hjørdis Kristin Longva har nylig stått ...

- En stor seier for meg

- En stor seier for meg

Lørdag 2. november var det lansering ...

Litterær uenighet skaper spenning på bokmessen i Frankfurt

Litterær uenighet skaper spenning på bokmessen ...

Den internasjonale bokmessen i Frankfurt ...

Anmeldelser

Rapport fra 10 år av pater Kjell. A. Pollestads spennende liv i og utenfor Den katolske kirke.

Rapport fra 10 år av pater Kjell. A. Pollestads ...

Jeg har aldri hatt den utsøkte glede ...

Ole Paus forteller om sitt liv

Ole Paus forteller om sitt liv

Forsiktig og ydmykt bør leseren begynne ...

Narsissistens hemmelighet

Narsissistens hemmelighet

Det kan hende at boken «Den Fabelaktige Narsissisten» ...

Inn i konteksten med  Gunnar Sønsteby

Inn i konteksten med Gunnar Sønsteby

Det var med ungdommelig spenning og sann ...

1936 – et merkeår i norsk historie og i verdenshistorien

1936 – et merkeår i norsk historie og i ...

1936 var året da «alt» skjedde. Det ...