Livshistore i form av dikt

11.05.2020
Livshistore i form av dikt
Lyrikkforlaget
Jens Øvrestrand Rysjedal

i tekstsamling om forboden kjærleik og kulturforskjellar

Jens Øvrestrand Rysjedal debuterer med tekstsamlinga «Snøfuglane» på Lyrikkforlaget. – Eg vonar at lesarane får litterære sanseinntrykk som dei hugsar etter at boka er lesen, seier Rysjedal.

 

Dei som er glade i kjærleiksdrama, bør lese «Snøfuglane».

– Boka er ei tidlaus forteljing om korleis kjærleiken kan sjåast utanfrå, samstundes som den beskriv liva til dei involverte partane. «Snøfuglane» er også ein hyllest til naturen og korleis me som menneske er avhengig av den for å overleve, fortel forfattaren.

Jens Øvrestrand Rysjedal (f. 1997) er fødd og oppvaksen i Leirvik i Hyllestad kommune i Vestland. Han er for tida arkeologistudent ved UiB. I så måte er ei samling prosatekstar om kjærleik eit ganske stort sprang frå kva han til dagleg syslar med.

– Eg ønskte å skrive ei bok om korleis dei store tinga i mange menneske sitt liv påverkar dei, og korleis dette kan påverke omgjevnadane dei beveger seg i. Tanken var i byrjinga å skrive ei rein diktsamling, før eg fann ut at kortprosa kunne være ein sjanger som også passa godt til tematikken i boka, og som kunne skildre dei delane av handlinga som ikkje var mogleg å skildre med dikt.

 

Naturglad

Rysjedal er glad i naturen. Den står sentralt i prosatekstane, mellom anna ved ei elv, som òg symboliserer ei grenseline.

– Naturen sine årstider og kva som kjenneteikner desse, har også vore ei inspirasjonskjelde, fortel forfattaren. Ei anna inspirasjonskjelde har vore den menneskelege psyken.

– «Snøfuglane» er ei tekstsamling om forboden kjærleik og kulturforskjellar. I boka møter vi ein ung mann og ei dame som får sterke følelsar for kvarandre. Vi får også sjå korleis livet deira blir påverka av val dei tar. Bodskapet i boka er å få fram korleis kjærleiken kan påverke oss som menneske, både i tenkemåten, men også korleis ein kan sjå på verda.

 

Mykje inspirasjon

Skriveprosessen har vore lærerik.

– I byrjinga synest eg at handlinga i boka var for lite vidstrekt, men etter kvart som tekstane utvida seg, kom også inspirasjonen. Inspirasjonen i kortprosadelane av boka er henta i frå dikta. Dikta har også inspirasjon i frå kortprosadelen av boka. Dei utfyller kvarandre, påpeiker Rysjedal.

Boka er ein blanding av både ekte og påfunne hendingar.

– Det finnest små delar av verkelegheita og mitt eige liv i «Snøfuglane», men mesteparten er dikting.

Tida vil vise om det kjem ein oppfølgar.

– Å skrive er ei av mine største interesser, og eg gjer dette ofte. Om det kjem nokre fleire bøker, veit eg derimot ikkje.

Mai Britt Hareide

Nyheter

Anne Fossen debuterer med mørke og tankevekkende dikt

Anne Fossen debuterer med mørke og tankevekkende ...

Anne Fossen, en 52 år gammel musiker, ...

Å finne sin egen stemme gjennom dikt

Å finne sin egen stemme gjennom dikt

Elise Fotland er en søkende, sensitiv ...

Sterke dikt og unik formidling på flere scener

Sterke dikt og unik formidling på flere ...

Hjørdis Kristin Longva har nylig stått ...

- En stor seier for meg

- En stor seier for meg

Lørdag 2. november var det lansering ...

Litterær uenighet skaper spenning på bokmessen i Frankfurt

Litterær uenighet skaper spenning på bokmessen ...

Den internasjonale bokmessen i Frankfurt ...

Anmeldelser

Rapport fra 10 år av pater Kjell. A. Pollestads spennende liv i og utenfor Den katolske kirke.

Rapport fra 10 år av pater Kjell. A. Pollestads ...

Jeg har aldri hatt den utsøkte glede ...

Ole Paus forteller om sitt liv

Ole Paus forteller om sitt liv

Forsiktig og ydmykt bør leseren begynne ...

Narsissistens hemmelighet

Narsissistens hemmelighet

Det kan hende at boken «Den Fabelaktige Narsissisten» ...

Inn i konteksten med  Gunnar Sønsteby

Inn i konteksten med Gunnar Sønsteby

Det var med ungdommelig spenning og sann ...

1936 – et merkeår i norsk historie og i verdenshistorien

1936 – et merkeår i norsk historie og i ...

1936 var året da «alt» skjedde. Det ...